Omgrep i det systematiske kvalitetsarbeidet

På denne sida har vi samla nokre av omgrepa som går att mest når ein snakkar om utdanningskvalitet og systematisk kvalitetsarbeid.

Akkreditering

Akkreditering betyr godkjenning av studietilbod eller utdanningsinstitusjon i tråd med krav i lover og forskrifter. Desse krava er i samsvar med Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR).

European Credit Transfer and Accumulation System (ECTS)

Det europeiske systemet for merittoverføring og -akkumulering er eit felles europeisk poengsystem for oppnådd læringsutbyte. På norsk snakkar ein om studiepoeng.

Emne

Eit emne er den minste eininga som inngår i eit studietilbod, og kan ha eit omfang på 5–30 studiepoeng. Eit emne kan også vere eit eige studietilbod.

Emnebeskriving

Ei emnebeskriving er ein plan for eit emne og angir forventa læringsutbyte, lærings- og vurderingsformer i emnet, pluss andre obligatoriske krav.

Etterutdanning

Eit fagleg tilbod definert som kurs som blir tilbodne for etter- og vidareutdanning ved ei avdeling. Etterutdanningar gir ikkje studiepoeng.

Evaluering

Ei systematisk datainnsamling frå studentane der desse kan gi tilbakemeldingar på gjennomførte kurs, emne eller studieprogram. Evalueringar kan vere kvantitative (t.d. gjennom bruk av spørjeundersøkingar) og/eller kvalitative (t.d. gjennom bruk av fritekst, intervju, munnlege tilbakemeldingar osv.)

Formativ vurdering

Vurdering undervegs som skal fremje læring. Denne typen vurdering blir òg kalla undervegsvurdering og handlar om å styrke læringsprosessen til studenten gjennom bruk av tilbakemeldingar. Dialog er såleis eit viktig verktøy i ein tilbakemeldingsprosess. I eit livslangt læringsperspektiv handlar det om å byggje opp kompetanse og kapasitet til å lære.

Indikator

Ein indikator er ein parameter som blir nytta til å måle kvalitet i utdanninga.

Kurs

Kurs er eit fagleg etterutdanningstilbod som ikkje gir studiepoeng.

Kvalifikasjon

Ein kvalifikasjon er eit formelt læringsutbyte på eit visst nivå som kan dokumenterast og er godkjend av ein instans. Dette blir ofte omtalt som formell kompetanse.

Kvalitet

Kvalitet dreier seg i denne samanhengen om utdanningskvalitet og er knytt til det systematiske kvalitetsarbeidet ved Politihøgskolen. Gjennom kvalitetssystemet blir det vurdert om studietilboda innfrir føringane som til ei kvar tid ligg i universitets- og høgskulelova, med tilhøyrande forskrifter.

Kvalitetsrapportering

Ein analyse av utdanningskvaliteten som blir gjort på ulike nivå etter gjennomført emne eller studietilbod. Analysen skal basere seg på innhenta data frå til dømes evalueringar, litteratur og eigne refleksjonar rundt studieprogrammet.

Livslang læring

Læring gjennom heile livsløpet som resulterer i auka kunnskap, ferdigheiter, kompetanse og kvalifikasjonar.

Læringsutbyte

Det ein person veit, kan og er i stand til å gjere som resultat av ein læringsprosess. Læringsutbytet er beskrive i kategoriane kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Nivået på læringsutbytet avheng av kompleksiteten i kategoriane.

  1. a) Kunnskap er forståing av teoriar, fakta, omgrep, prinsipp, prosedyrar innanfor fag, fagområde og/eller yrke.
  2. b) Ferdigheiter er evne til å bruke kunnskap til å løyse problem og oppgåver. Det finst fleire typar ferdigheiter: kognitive, praktiske, kreative og kommunikative.
  3. c) Generell kompetanse er å kunne nytte kunnskap og ferdigheiter på sjølvstendig vis i ulike situasjonar ved å vise samarbeidsevne, ansvar, evne til refleksjon og kritisk tenking i studie- og yrkessamanheng.

Beskriving av læringsutbyte

Ei formulering av forventa læringsutbyte i tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket og eigenarten til utdanninga. Beskrivingane av læringsutbyte skal angi læringsutbytet studentane skal ha oppnådd etter å ha fullført emnet eller studietilbodet. Dei angir såleis terskelverdien eller minstekravet for å bestå.

Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR)

Ei samla, systematisk og nivådelt beskriving av dei formelle kvalifikasjonane det er mogleg å oppnå innanfor eit utdanningssystem. Det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket er basert på utdanningssystemet i nasjonen, og viser nivå, progresjon og samanheng til arbeidslivet og samfunnet elles.

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT)

NOKUT er eit fagleg uavhengig forvaltingsorgan underlagt Kunnskapsdepartementet.

Målet med NOKUT er

  • å føre tilsyn med, informere om og bidra til å utvikle kvaliteten i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning
  • å akkreditere studium og institusjonar i høgare utdanning
  • å godkjenne og informere om utanlandsk utdanning


Arbeidet som NOKUT gjer, skal bidra til at samfunnet kan ha tillit til kvaliteten i norsk høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og godkjend utanlandsk utdanning. NOKUT skal hjelpe utdanningsinstitusjonane med å drive utviklingsarbeid og stimulere til kvalitetsutvikling som sikrar eit høgt internasjonalt nivå på utdanningstilboda ved institusjonane.

Realkompetanse

All kompetanse som er tileigna gjennom formell, ikkje-formell eller uformell læring.

Studieprogram

Ei studieeining beståande av ei samling emne med eit totalt læringsutbyte som studentar kan søkje på og ta. Eit studieprogram er kjenneteikna ved at det ikkje er nødvendig å søkje nytt opptak for å ta nye emne innanfor studieprogrammet.

Studietilbod

Studietilbod omfattar både studieprogram som fører fram til ei grad, og kortare studium som t.d. årseiningar, vidareutdanningar og emne som blir tilbodne separat og ikkje inngår i eit studieprogram.

Summativ vurdering

Vurdering ved fullført utdanning som skal informere om den samla kompetansen til studenten i eit kurs, emne eller studietilbod. Dette blir ofte kalla eksamen.

Vidareutdanning

Eit fagleg studietilbod som gir studiepoeng. Ved avdelinga for etter- og vidareutdanning blir det tilbode vidareutdanningar som gir alt frå 5 til 30 studiepoeng.

Vurdering

Ei fagleg vurdering av kompetansen til studenten. Vurderinga blir gjort anten undervegs i læringsprosessen eller avslutningsvis. Omgrepet omfattar både formativ vurdering (undervegsvurdering) og summativ vurdering (sluttvurdering).