Vi nyttar Webcruiter som elektronisk søknadssystem. Det er viktig at du fyller ut CV-en i Webcruiter mest mogleg nøyaktig og fullstendig. I tillegg må du skrive ein søknad i fritekstfeltet der du fortel litt om bakgrunnen din og motivasjonen din for å søkje. Lenkje til Webcruiter finn du i stillingsannonsen.
Hugs at du må ha plettfri vandel for å søkje. Du må i tillegg levere politiattest når du skriv under på kontrakten.
Sjå politiet.no om korleis du søkjer om politiattest
Tilbakemelding
Når søknaden din er registrert, får du ei stadfesting på e-post om at søknaden er motteken. Så snart stillinga er tildelt, får alle søkjarane ein e-post der det står kven jobben gjekk til.
Utvida og offentleg søkjarliste
Når du søkjer, blir du oppført på ei utvida søkjarliste. Ei utvida søkjarliste inneheld informasjon om namn, alder, utdanning og arbeidserfaring. Alle søkjarar til ei stilling har rett til å sjå den utvida søkjarlista for den aktuelle stillinga. Du kan ikkje be om fritak frå å stå på denne lista.
Alle statlege etatar må i tillegg utarbeide ei offentleg søkjarliste med informasjon om namn, alder, kjønn, noverande stilling og bukommune. Dersom du ikkje ønsker at namnet ditt skal stå på den offentlege søkjarlista, kan du søkje om dette ved å krysse av for det og forklare kvifor i søknaden din i Webcruiter. Dersom søknaden din ikkje blir innvilga, vil du få informasjon om dette og høve til å trekkje søknaden.