Studieleiarar, seksjonsleiar og stadlege leiarar

Desse leiarane har ei utøvande rolle i kvalitetsarbeidet, og skal mellom anna følgje opp evalueringar og resultat som blir genererte av kvalitetsarbeidet på programnivå. Studieleiarar, seksjonsleiar og stadlege leiarar skal evaluere ulike indikatorar innanfor dei definerte kvalitetsområda til Politihøgskolen.

Bachelor

Programansvarleg studieleiar skal

  • leggje til rette for, koordinere og gjennomføre kvalitetsarbeidet i eigen seksjon knytt til kunnskapsområdet
  • følgje opp retningsliner og malar for kvalitetsarbeidet
  • følgje opp og prioritere mål og tiltak i verksemdsplanane til avdelinga for komande år
  • leggje til rette og sørge for gjennomføring av endringar som følgjer av kvalitetsarbeidet
  • utarbeide ein årleg kvalitetsrapport knytt til eige programansvar

Studieleiar skal

  • følgje opp tiltak i eigen emneportefølje
  • følgje opp retningsliner for evaluering og kvalitetsarbeid

Master

Studieleiar/seksjonsleiar skal

  • leggje til rette for, koordinere og gjennomføre kvalitetsarbeidet i eigen portefølje
  • følgje opp retningsliner og malar for kvalitetsarbeidet
  • følgje opp og prioritere mål og tiltak i verksemdsplanane til avdelinga for komande år
  • leggje fram dokumentasjon på at fagmiljøet knytt til studietilbodet tilfredsstiller nasjonale krav
  • leggje til rette og sørge for gjennomføring av endringar som følgjer av kvalitetsarbeidet
  • utarbeide ein årleg kvalitetsrapport knytt til eige programansvar

EVU

Seksjonsleiar / stadleg leiar skal