Fagtilsette og instruktørar

Fagtilsette og instruktørar skal leggje til rette for planlegging, gjennomføring og evaluering av studie- og kurstilbod.

Evaluere

Fagtilsette og instruktørar skal evaluere ulike indikatorar innanfor dei definerte kvalitetsområda til Politihøgskolen ved å

  • leggje til rette for, setje i verk og behandle resultata av studentevalueringar
  • evaluere kurs-, emne-, program- og studieplanar
  • samanlikne, analysere og vurdere evalueringsresultat
  • skrive ein rapport etter gjennomført undervisning/utdanning der dei viktigaste analysane og forslaga til tiltak for vidareutvikling blir lagde fram
  • gjere evalueringsresultata tilgjengelege for partane dei gjeld
  • gjennomføre vedtekne tiltak