Nye masteroppgåver

Det straumar på med nye oppgåver ved Politihøgskolen, og dei to nyaste er erfaringsbaserte mastere i etterforsking. Ingar Brun har skreve oppgåve om kontaktetablering ved avhør på staden og Geir Gjerde Knutsen har skreve om etterforskingsleiing med fokus på etterforskingsplanar.

AVHANDLINGER: To nye mastere i erfaringsbasert etterforsking har blitt avlevert ved Politihøgskolen.

Ingar Brun

«Kontaktetablering ved avhør på stedet: En studie om politifolks opplevelse av kontaktetablering som grunnlag for avhøret som tas på stedet»

Formålet med Bruns oppgåve var å studere korleis kollegaer vurderer og opplever eigen bruk av kontaktetablering ved avhør som blir tatt på staden. Målet var ikkje å kartlegge sjølve bruken, men å studere deira oppleving og den relasjonelle dynamikken. Det var ikkje eit mål å evaluere kvaliteten på avhøyret og heller ikkje den juridiske ramma. Denne studien kan bidra til ei djupare forståing av kontaktetablering som fenomen og skape ei auke i bevisstheit i forhold til eigen praksis hjå politiet.

Metoden som er brukt er eksplorative intervju med 7 polititenestepersonar i operativ teneste. Forfattaren ville gjerne prøve å fange opp deltakarane sine refleksjonar rundt eigen bruk av kontaktetablering og få innblikk i den praksisnære heilheita. Resultata frå studien visar at informantane innleiingsvis har ein noko faseinndelt og teoretisk forståing av den kontaktetableringa som skjer på staden. Men dei viste likevel gjennom refleksjonar korleis dei har mykje kunnskap om fenomenet i kraft av eiga praktisk erfaring. To viktige faktorar var tryggleik og tilpassing til ulike situasjonar, ofte for å skape ro og god kontakt i avhøyrsituasjonen.

Les Bruns oppgåve i PIA

Geir Gjerde Knutsen

«Etterforskningsledelse: En studie av den politifaglige etterforskningslederens bruk av etterforskningsplaner»

Knutsens masteroppgåve handlar om bruken av etterforskingsplanar. Desse er implementert etter initiativ frå Riksadvokaten og Politidirektoratet for å oppnå betre kvalitet i etterforskinga gjennom ein einsarta praksis – då kan ein forhindre justisfeil, og i verste fall justismord. I denne oppgåva belyser forfattaren kva grunnar som blir lagt vekt på når politiet vel å bruke prosjektmodulen Indicia i staden for å skrive ein sjølvstendig etterforskingsplan i saker der det er påkravd eller anbefalt.

Forfattaren har nytta seg av eit kvalitativ studie som bygger på fire djupneintervju med politifaglege etterforskingsleiarar som jobbar ved seksjonar som i utgangspunktet skal nytte etterforskingsplanar i etterforskinga si. I studien kjem det fram at alle informantane sin vanlege praksis er å opprette eit Indicia-prosjekt framfor ein sjølvstendig etterforskingsplan. Studien har ikkje undersøkt om informantane sine etterforskingsplanar tilfredstillar krava som er sett. Sjølv om ei etterforsking ikkje har ein etterforskingsplan kan den framleis bli tilfredsstillande løyst, men ein god etterforskingsplan skal vere eit sikkerheitsnett for kvalitet og rettssikkerheit. Funn frå denne dette studiet avdekker også at det må fokuserast meir på strategisk leiing, og at læring må skje på alle nivå i ein organisasjon.

Les Knutsens oppgåve i PIA