English version of this page

Fråvær frå undervisning

Du er sjølv ansvarleg for å ha oversikt over eige fråvær. Undervisning og læringssituasjonar krev obligatorisk deltaking, men grada av tillate fråvær kan variera. Det er viktig at du kjenner til fråværsgrensene for undervisninga di. Om du er for mykje borte, vil du få beskjed om at du ikkje kan gå opp til eksamen eller må slutta hos oss.

Gi beskjed ved fråvær?

Bachelor - politiutdanning

Om du er politistudent i første (B1) eller tredje studieår (B3), skal du sjølv halda oversikt over eige fråvær. Du treng ikkje melda frå til nokon om fråværet. 

Om du er i andre studieår (B2), skal du derimot melda frå om alle fråvær til praksisansvarleg.

Masterutdanning

Om du er masterstudent, treng du ikkje gi beskjed om fråværet ditt til nokon.

Etter- og videreutdanning (EVU)

Er du student på ein etter- og vidareutdanning, skal du ved alle fråvær kontakta faglæraren din/ fagtilsett.

 

Fråværsgrense for deg som er politistudent

Krav om deltaking

I første (B1) og tredje studieår (B3) er det krav om 80 % deltaking i obligatorisk undervisning. 

I andre studieår (B2) er det krav om 85 % deltaking. Somme delar av emne og leiraktivitetar har krav om 100 % deltaking i undervisninga.

Kvar står det at undervisninga er obligatorisk?

I programplanen gjeldande for koldet ditt står det kva undervisning som er obligatorisk. Ved spørsmål om eitt konkret fråvær, skal du venda deg til faglæraren din.

Kva skjer om eg har for mykje fråvær i eit emne med obligatorisk oppmøte?

Har du har vore for mykje borte frå undervisning med obligatorisk oppmøte, må du spørja faglæraren din om det er mogleg for deg å ta igjen undervisninga du gjekk glipp av eller ta det igjen på ein annan måte som er fagleg forsvarleg (til dømes skriva ei oppgåve eller gjera ein annan læringsaktivitet). Programansvarleg og faglærar skal vurdera kva som er mogleg.

Kva er gyldig fråvær?

Dersom fråværet overstig grensa for fråvær kan følgjande grunnar reknast som gyldig fråvær:

a. Rettsoppmøte eller vitnestemning.
b. Deltaking i organ som krev studentrepresentasjon etter lov.
c. Dokumentert sjukefråvær. Eige eller for barn under 12 år.
d. Andre tungtvegande grunnar.

Konsekvens av for høgt fråvær

Om du ikkje får teke igjen fråværet, har du ikkje fått alle arbeidskrav godkjent, og kan normalt ikkje gå opp til eksamen.

 

Andre fråværsgrenser

Master

Undervisninga er ikkje obligatorisk for nokon av masterstudia.

 

Etter- og videreutdanning (EVU)

Går du på ei etterutdanning, er det krav om 100% oppmøte.

Går du på ei vidareutdanning er det normalt krav om 100 % deltaking på studiesamlingar. Dette skal komma fram av studieplanen. 

Dersom du er borte frå studiesamlingar meir enn tillate, får du ikkje gå opp til eksamen, sjå Forskrift om studier og eksamen ved Politihøgskolen (PHS) - Lovdata
Finn riktig paragraf i studieforskrifta? Stå i forskrifta, trykk ctrl + F og skriv Fravær fra studiesamlinger.

Om du må vere borte frå studiesamlingar, skal du gi beskjed til fagansvarleg som held oversikt over det totale fråværet ditt.

Publisert 4. sep. 2024 13:44 - Sist endra 7. okt. 2026 10:58