Skriftleg eksamen
Har du hatt ein skriftleg eksamen, må du be om grunngiving i Studentweb innan 1 veke frå karakteren din vart publisert på Studentweb.
Sensorrettleiing til ein bacheloreksamen blir lagd ut på Studentportalen. Denne kan du bruka til å sjå korleis sensorane har vurdert svar.
Har du gjennomført eksamen i WISEflow vil du finna svar frå sensor i Wiseflow. Sensor gir grunngivinga munnleg eller skriftleg.
Det er svært viktig at du sjekkar svaret på grunngivinga når du tek imot dette.
Ønskjer du grunngiving på ein karakter du har klaga på, les meir om klagebehandling.
Klagebehandling
Praktisk-munnleg eksamen
På praktisk-munnleg eller munnleg eksamen vil du få eksamensresultatet anten straks etter gjennomføring, eller på eit seinare avtalt tidspunkt. Du må sjølv be om grunngivinga når du får resultatet frå eksamen.
Møtar du ikkje opp til avtalt tid for å få karakteren din, mistar du høve til å få ei grunngiving frå sensor.