English version of this page

Talet på eksamensforsøk

Hovudregelen er at du kan gå opp til eksamen dersom du har bestått alle arbeidskrav i emnet. I utgangspunket har du tre eksamensforsøk. Om du ikkje klarer eksamen på tre forsøk kan du miste studieplassen din. Du kan ha eitt forbetringsforsøk. Les meir om kva vilkår som gjeld.

Talet på eksamensforsøk

I utgangspunktet har du tre forsøk på å bestå same eksamen. Du blir automatisk meld opp til første eksamensforsøk. Om du ikkje får eit bestått eksamensresultat etter første forsøk, må du melde deg opp sjølv til eit nytt forsøk. Om du ikkje klarer eksamen etter tre forsøk, kan du miste studieretten din, og du må slutte hos oss.

Du kan søkje om dispensasjon til eit fjerde eksamensforsøk. Sjå Forskrift om studier og eksamen ved Politihøgskolen (PHS) - Lovdata
Finn riktig paragraf i studieforskrifta. Stå i forskrifta, trykk ctrl + F og skriv eksamensforsøk.

Sjølv om du har fleire eksamensforsøk igjen, er det ikkje sikkert du får brukt opp alle tre forsøka. Dette kan skje om du har mista studieretten din, til dømes fordi du er over grensa for kor lenge du kan vere forsinka, eller brukt opp forbetringsforsøket. 

Er du tidlegare bachelorstudent, kan det likevel vere mogleg å ta ein eksamen du ikkje har bestått sjølv om studieretten din er utgått. Dette er berre mogleg om du ikkje har brukt opp dei tre forsøka dine. Du kan ikkje søkje om eit fjerde forsøk. Sjå Forskrift om studier og eksamen ved Politihøgskolen (PHS) - Lovdata
Finn riktig paragraf i studieforskrifta? Stå i forskrifta, trykk ctrl + F og skriv tidligere student.

Teljande eksamensforsøk

Fullfører du eksamen, bruker du opp eitt eksamensforsøk. Blir du sjuk under eksamen, men likevel vel å fullføre, bruker du opp eitt eksamensforsøk. Om du ikkje møter til eksamen, og ikkje sender inn dokumentasjon om gyldig fråvær, har du brukt opp eitt eksamensforsøk. Les meir: fråvær ved eksamen.

Du har eitt forbetringsforsøk

Så lenge du har studierett og har fleire eksamensforsøk igjen, har du lov til å forbetre eksamenskarakter ein gong i same emne. Du må melde deg opp til ordinær eksamen (ikkje ny eksamen). Les om korleis du kan melde deg opp til eit forbetringsforsøk.

Forbetring etter at du har fått vitnemål

Studieretten din blir avslutta når du har fullført studiet. Går du på ei utdanning som fører fram til vitnemål, kan du du likevel ha rett til å forbetre karakteren din inntil eitt år etter at du fekk vitnemålet ditt. Sjå Forskrift om studier og eksamen ved Politihøgskolen (PHS) - Lovdata

Finn riktig paragraf i studieforskriften. Stå i forskriften og trykk ctrl + F og skriv forbedre.

Les meir om å forbetre karakter etter motteke vitnemål.

Emneord: Eksamen, eksamensforsøk, antall forsøk på eksamen
Publisert 27. nov. 2024 16:05 - Sist endra 3. aug. 2026 15:02