Praksiskvalitet

Praksiskvalitet omhandlar tilrettelegging for læring i praksisstudiet, kvaliteten på fag- og læringsmiljøet pluss den faglege integrasjonen med studieprogrammet som heilskap. Praksiskvalitet blir berre rapportert for bachelorprogrammet.

Kvalitetsindikatorer

Rettleia praksis:

  • rettleiing og instruksjon knytt til polititeneste
  • førebudde rettleiingssamtalar med praksisrettleiar

Faglege ressursar som skal sikre eigenarten til studietilbodet (fagmiljø i praksisstudiet):

  • kompetansen til praksisrettleiaren
    • rettleiingspedagogikk
  • kompetansen til dei praksisansvarlege
    • rettleiingspedagogikk
    • utdanningsfagleg kompetanse

Læringsmiljø i praksisstudiet:

  • læringsmiljøet til studentane i praksisstudiet
    • fysisk
    • psykososialt
    • digitalt
  • infrastruktur i praksisstudiet
  • organisering og kommunikasjon

Fagleg innhald og integrasjon:

  • fagleg innhald og integrasjon med studieprogrammet

Praksisavtalar:

  • sikre og vurdere praksisavtalar mellom institusjon og praksisstad for studietilbod med praksis

Kunnskapsgrunnlag:

  • avsluttande evaluering av praksisstudiet
  • korleis praksisrettleiaren evaluerer praksisstudiet