Styrkar utdanningar mot fiskeri- og miljøkrim

Politihøgskolen set i gang ein revisjon av utdanningane høgskulen i dag har på feltet fiskeri- og miljøkriminalitet. Ei arbeidsgruppe har fått mandat til å sjå på heile fagområdet, og innhente kunnskap som skal gi oppdaterte utdanningstilbod.

Bildet kan inneholde: elektronisk enhet, visningsenhet, tv-apparat, blond, smil.

LEIAR ARBEIDET: Politiinspektør Margete Torseter skal leie an i arbeidet med å styrkje utdanningane ved høgskulen innan fagområdet fiskeri – og miljøkriminalitet. Foto: Bernt-Ståle Kristensen.

Politiinspektør Margrete Torseter ved studiestad Bodø er ny fagansvarleg for innsatsen til høgskulen på fagfeltet. Ho har også bakgrunn som politiadvokat. Arbeidsgruppa er i gang, og til sommaren 2025 skal dei første utdanningane presenterast for vurdering, saman med modellen for studieporteføljen.

- Kriminaliteten innan miljø og fiskeri er svært alvorleg, både for samfunnet og naturen. Dessutan er det ein stor økonomi som her blir ramma på ulike måtar. Vi må oppdatere og modernisere studietilboda våre for å møte desse utfordringane, også saman med fleire aktørar nasjonalt og internasjonalt, seier Margrete Torseter.

Mann i politiuniform på båt som holder i en hummertegn
I AKSJON: Miljøkriminalitet har store negative konsekvensar. Eit omfattande område, som krev mykje av politiet. Her frå Sjøtjenesten i Oslo, miljøkoordinator Edmund i aksjon for å kontrollere hummarteiner i Oslofjorden. Foto: Didrik Linnerud Arnesen.

Alvorleg trussel

Frå mandatet heiter det mellom anna:

Økokrims trusselvurderingar framhevar fleire alvorlege truslar under dette fiskerikriminalitet. Kriminelle nettverk er involvert i aktivitetar som ulovleg fiske, under- og feilrapportering av fangst, og omsetning av ulovleg fanga fisk. Dette kan også inkludere svart omsetning, kvitvasking av pengar, og brot på arbeidsmiljøreglar.

Økokrims trusselvurderingar framhevar også miljøkriminalitet som ein alvorleg trussel med store konsekvensar for både samfunnet og naturen, under dette øydelegging av naturmangfald, farleg forureining, svekt livsgrunnlag og økonomiske tap. Både miljø- og fiskerikriminalitet har store økonomiske og miljømessige konsekvensar, og det er derfor viktig med samarbeid mellom ulike etatar og internasjonale aktørar for å få bukt med denne typen kriminalitet.

For å kunne møte desse truslane, skal PHS tilby ein oppdatert studieportefølje på feltet og på denne måten styrkje kompetansen innan førebygging, avdekking og etterforsking, og dessutan bidra til høgare kvalitet i arbeidet med å få bukt med miljø- og fiskerikriminalitet. Den eksisterande porteføljen er gammal og basert på ein modell som har vist seg mindre formålstenleg for å få tilstrekkeleg tal på søkjarar til studia.

Meir fleksible studietilbod

Arbeidsgruppa har starta opp, og Margrete Torseter understrekar målet om eit meir fleksibelt studietilbod.

- Eg er veldig fornøgd med samansetninga av arbeidsgruppa. Vi satsar på å kunne tilby eit meir fleksibelt studietilbod, slik at det vil bli mindre utfordrande å kombinere studiar med ein travel arbeidskvardag. Det var mykje bra i det tidlegare studietilbodet, men det trengst ei oppdatering og revidering for å få det meir i tråd med dagens situasjon og framtidas utfordringar.

Og legg til:

- Vi ønskjer også å ta tak i den utfordringa det er at nyutdanna politibetjentar ikkje har med seg kunnskap om miljøkriminalitet frå bachelorstudiet. Vi har håp om å kunne tilby første studium på slutten av 2025.

Kartlegg behov

Ei spørjeundersøking om kompetanse vil bli send ut til tilsette i politiet.

- I første halvdel av februar sender vi ut spørjeundersøkingar til tilsette i politiet, påtalemakta, kontrolletatar og også til politistudentar, for å kartleggje kompetansebehovet. Vi oppmodar så mange som mogleg til å svare på undersøkinga, slik at studiane blir utforma i tråd med det reelle behovet, avsluttar Margrete Torseter.

Emneord: Fiskeri, Miljø, Utdanning, miljøkriminalitet
Publisert 5. feb. 2025 09:04 - Sist endra 5. aug. 2026 10:55