Studentdemokratiet ved Politihøgskolen
Studenttinget er det øvste studentdemokratiske organet til studentane og representerer alle studentane ved Politihøgskolen. Kvar studiestad har sitt eige Studentråd som representerer alle studentane ved sin studiestad. Både Studenttinget og studentråda skal vareta og fremje dei studentpolitiske interessene til studentane våre.
Studenttinget
Studenttinget er Politihøgskolens (PHS) øvste studentorgan, og skal vareta dei studentpolitiske interessene til alle studentar ved Politihøgskolen. Studenttinget består av to representantar frå kvart studentråd, og dessutan éin hovudtillitsvald frå andre studieår på bachelorutdanninga.
Studenttinget skal representere alle studentane overfor leiinga i høgskulen. Studenttinget utnemner studentrepresentantar til sentrale verv, som Høgskolestyret, Utdanningsutvalget og Mangfoldsutvalget.
Om du treng å komme i kontakt med Studenttinget, kan du sende ein e-post til Studenttingsleder eller organisasjonskonsulent.
Dersom du er student ved Politihøgskolen kan du finne meir informasjon på Studentportalen (krev pålogging).
Studentråda
Studentrådet er det øvste studentorganet ved kvar studiestad. Det er fire studentråd ved Politihøgskolen: Studentråd Bodø, Studentråd Oslo, Studentråd Stavern og Studentråd Master.
Studentrådet skal jobbe for dei sosiale og faglege interessene til studentane, og består av dei klassetillitsvalde og studentrådsstyre. Styret i kvart studentråd blir valt av dei klassetillitsvalde på det første studentrådsmøtet i august kvart år.
Studentrådsstyret jobbar med:d:
- å arrangere studentrådsmøte
- arrangere sosiale- og faglege arrangement
- å forvalte og løyve tildelte velferdsmidlar
- dialog mellom studentane og lokal leiing
- dialog mellom studentane og Studenttinget
Kontakt Studentrådet ditt:
Dersom du er student ved Politihøgskolen kan du finne meir informasjon på Studentportalen (krever pålogging).