Kva er eit læringsmiljø?
Omgrepet «læringsmiljø» skal omfatte alle faktorar som kan påverke studentane i ein studiesituasjon. Institusjonen har ansvar for dei faktorane som er innanfor deira kontroll. Studentar har også eit ansvar for å opptre på ein måte som varetek eit godt læringsmiljø.
Det er i siste instans høgskulestyret ved Politihøgskolen som har ansvar for at læringsmiljøet ved Politihøgskolen blir vareteke på ein god måte.
Universitets- og høyskoleloven (uhl) § 10-1. definerer kva som inngår i eit heilskapleg læringsmiljø.
Faktorar i eit læringsmiljø
Fysisk læringsmiljø
Bygninger og omgivnader – universell utforming
Psykososialt læringsmiljø
Dei mellommenneskelege forholda – trivsel og samhandling
Organisatorisk læringsmiljø
System for tilbakemelding og medverknad – kvalitetssystem
Digitalt læringsmiljø
Grensegangen mellom læringsprosessar, pedagogikk og teknologi
Pedagogisk læringsmiljø
Form, innhald og rammer for den pedagogiske aktiviteten som påverkar læringa til studentane.
Desse inndelingane glir litt over i kvarandre, men dei har alle til felles at dei berører din studiesituasjon
Les universitets- og høyskoleloven kap. 10
Læringsmiljøutval
Vi er etter universitets- og høgskulelova (uhl) forplikta til å ha minst eitt læringsmiljøutval.
Læringsmiljøutvalet skal bidra til at lovføresegnene blir følgde, og sikre at studentane kan medverke i prosessane som gjeld læringsmiljøet.
Per i dag har vi fire læringsmiljøutval. Tre er lokale og eitt er sentralt. Læringsmiljøutval skal også ha ein rådgivande funksjon i forhold til leiinga i høgskulen i saker som omhandlar læringsmiljøet ditt.
Studentane og institusjonen skal ha like mange representantar i læringsmiljøutvalet. Utvalet skal velje leiar kvart år. Leiaren skal annakvart år veljast frå representantane til institusjonen og annakvart år frå representantane til studentane.
Normalt blir det halde fire møte per studieår, to i haustsemesteret og to i vårsemesteret.
Studentportalen inneheld meir informasjon om utvala
(Krev pålogging)