Læringsmiljø

Omgrepet læringsmiljø blir forstått som alle lærestadrelaterte forhold som påverkar studiesituasjonen din. Alle er med på å setje sitt preg på læringsmiljøet. Som student har du eit ansvar for at det er så godt som mogleg, men vi har også eit eige læringsmiljøutval som har som hovudoppgåve å skape og vareta eit godt læringsmiljø for alle studentar ved Politihøgskolen.

Kva er eit læringsmiljø?

Omgrepet «læringsmiljø» skal omfatte alle faktorar som kan påverke studentane i ein studiesituasjon. Institusjonen har ansvar for dei faktorane som er innanfor deira kontroll. Studentar har også eit ansvar for å opptre på ein måte som varetek eit godt læringsmiljø.

Det er i siste instans høgskulestyret ved Politihøgskolen som har ansvar for at læringsmiljøet ved Politihøgskolen blir vareteke på ein god måte. 

Universitets- og høyskoleloven (uhl) § 10-1. definerer kva som inngår i eit heilskapleg læringsmiljø.

Faktorar i eit læringsmiljø

Fysisk læringsmiljø
Bygninger og omgivnader – universell utforming
 
Psykososialt læringsmiljø 
Dei mellommenneskelege forholda – trivsel og samhandling
 
Organisatorisk læringsmiljø
System for tilbakemelding og medverknad – kvalitetssystem

Digitalt læringsmiljø 
Grensegangen mellom læringsprosessar, pedagogikk og teknologi
 
Pedagogisk læringsmiljø
Form, innhald og rammer for den pedagogiske aktiviteten som påverkar læringa til studentane.

Desse inndelingane glir litt over i kvarandre, men dei har alle til felles at dei berører din studiesituasjon

Les mer på hkdir.no

Les universitets- og høyskoleloven kap. 10

Læringsmiljøutval 

Vi er etter universitets- og høgskulelova (uhl) forplikta til å ha minst eitt læringsmiljøutval. 

Læringsmiljøutvalet skal bidra til at lovføresegnene blir følgde, og sikre at studentane kan medverke i prosessane som gjeld læringsmiljøet.

Per i dag har vi fire læringsmiljøutval. Tre er lokale og eitt er sentralt. Læringsmiljøutval skal også ha ein rådgivande funksjon i forhold til leiinga i høgskulen i saker som omhandlar læringsmiljøet ditt.

Studentane og institusjonen skal ha like mange representantar i læringsmiljøutvalet. Utvalet skal velje leiar kvart år. Leiaren skal annakvart år veljast frå representantane til institusjonen og annakvart år frå representantane til studentane.

Normalt blir det halde fire møte per studieår, to i haustsemesteret og to i vårsemesteret.

Studentportalen inneheld meir informasjon om utvala

(Krev pålogging)

Emneord: Læringsmiljø, læringsmiljøutvalg
Publisert 5. nov. 2024 21:20 - Sist endra 3. aug. 2026 16:54