Dette gjer Nemnd for studentsaker
Har du fått eit vedtak som du kan og ønskjer å klaga på, må du innan fristen, levera klaga til den instansen som opphavleg tok avgjerda.
Dersom den opphavlege instansen ikkje tek klaga di til følgje, kan det bli opp til Nemnd for studentsaker å avgjera saka di.
I samsvar med universitets- og høyskoleloven § 14-1 er vi lovpålagd å ha ei nemnd for studentsaker. Sjå https://lovdata.no/lov/2024-03-08-9/§14-1.
Nemnda består av
Nemnda skal ha fem medlemmar med personlege varamedlemmar. To av medlemmane skal vere studentar.
Leiar og vara for leiar skal vere eksterne (kan ikkje vere tilsett ved Politihøgskolen).
Nemnd for studentsaker behandlar klager
Døme på klager som nemnda behandlar:
- Avslag på søknad om opptak til masterutdanningar og andre etter- og vidareutdanningar
- Klage på fagleg godkjenning
- Avslag på søknad om 4. gongs forsøk til eksamen
- Avslag på søknad om 3. praksisperiode
- Klage over formelle feil
- Vedtak om tap av studierett
- Tilrettelagd eksamen
- Permisjon
- Fritak frå eksamen og/eller undervisning på grunnlag av tidlegare avlagd eksamen
- Godkjenning av gyldig fråvær ved eksamen
Korleis klage til Nemnd for studentsaker
Nemnda behandlar berre skriftlege klager.
Du kan senda inn klaga frå den digitale postkassa di til Politihøgskolens digitale postkasse, evt. på papir til Politihøgskolens postadresse.