Kva er fagleg godkjenning
Har du studert ved eit anna universitet eller høgskule og har teke emne som svarer til emne i utdanninga vår, kan du få godkjent dette inn i utdanninga di ved Politihøgskolen.
Får du noko fagleg godkjent, slepp du å ta tilsvarande emne med same læringsinnhald på nytt.
Mindre støtte frå Lånekassen?
Merk at fagleg godkjenning kan medføre mindre støtte frå Lånekassen, så sjekk med Lånekassen før du eventuelt søkjar.
Sjekk informasjon på Lånekassen.no.
Slik søkjer du om fagleg godkjenning
Fyll ut søknadsskjemaet (webportal.360online.com/phs) under, og legg ved nødvendig dokumentasjon.
Søknadsfrist
Du bør søkje så fort som mogleg og helst innan 1. september, eller 1. februar.
Søk faglig godkjenning (webportal.360online.com/phs)
Dokumentér søknaden
For å kunne vurdere søknaden din, må du dokumentere han.
Send oss dokumentasjon på:
- kva fag, emnar, prøver, eksamenar du har bestått
- kvar og når desse emna er avlagde (til dømes karakterutskrift)
- emnebeskriving
Om du meiner at du har relevant realkompetanse, må du leggje ved dokumentasjon som viser dette når du søkjer.
Blir alt eg søkjer om godkjend?
Du får ikkje automatisk innvilga det du søkjer om. Du bør følgje undervisninga fram til søknaden din er ferdig behandla.
Utgangspunktet for vår vurdering om utdanning kan godkjennast er læringsutbyttebeskrivingane og konkrete krav fastsett i planen for studiet ditt.
Om du oppfyller dei faglege krava til ein bestemd eksamen, eit bestemt emne, ei bestemd utdanning eller ei bestemd grad ved institusjonen, skal du få dette godkjent.
Regelverk
Søknaden blir behandla i tråd med Universitets- og høgskoleloven kapittel 9.