Skriftleg skuleeksamen
Skriftleg skuleeksamen går føre seg på campus eller i eit eksternt lokale under tilsyn. Kvar du skal møte opp står på Studentweb.
Eksamen blir halden i eksamenssystemet WISEflow.
Kva må du hugse på i forkant av skriftleg skuleeksamen?
Tekniske krav
- Det er berre lov med Mac eller PC.
- Bruk PC med Windows 11 eller nyare, eller en Mac med macOS 12 eller nyare.
- Linux blir ikkje støtta.
- Windows 10S/11S Mode og SE blir ikkje støtta.
- Vi rår deg til å bruke Google Chrome eller Mozilla Firefox når du loggar inn i WISEflow.
Gjer dette før kvar eksamen i WISEflow
- Logg på WISEflow med FEIDE-kontoen din (sjekk at FEIDE-kontoen din fungerer)
Installér "Lockdown-browser" slik:
- Trykk på “Demoflows"
- Gå til «FLOWlock» og trykk på "Krever at Lockdown-browser er installert"
- Browseren blir oppdatert jamleg. Før kvar eksamen må du derfor kontrollere at du har den nyaste versjonen ved å trykkje på "Test browseren".
Om du har den nyaste versjonen, får du opp to grøne hakar.
Har du ikkje den nyaste versjonen, må du laste den ned og installere Lockdown-browser på nytt.
- Gjer deg kjend med teksteditoren i demoeksamenen. Sjå og tips om funksjonar og hurtigtastar i FLOWlock.
Andre ting å hugse på
- Før eksamen må du sjekke at du får kobla deg til Eduroam, det trådlause nettverket til PHS (ikkje bruk gjestenett eller mobilnett).
- Test at du får tilgong til internett via Eduroam før eksamen.
- Sjekk at automatisk tilkopling til Eduroam er slått på.
- Skal du gjennomføre eksamen i eit lokale utanfor PHS, får du informasjon om hvilket nettverk du skal bruke.
- Det er ikkje lov å bruke trådlaus øyretelefon, trådlaus mus, trådlaust tastatur eller andre digitale trådlause verktøy du tek med sjølv (utstyr du bruker må vere kabla, ikkje trådlaust).
- Pass på at eventuelle hjelpemiddel ikkje inneheld ulovlege notat.
- Har du Lovdata Pro som hjelpemiddel, må du hugse brukernavn og passord for FEIDE-pålogging (autoutfylling vil ikkje fungere på eksamen!)
Ta med dette til eksamen
- ID-KORT (inngangskort er godkjend ID)
- Ladar til datamaskin
- Ønsker du å skrive kladd under eksamen, hugs penn eller blyant (kladdeark blir delte ut)
På skriftleg skuleeksamen
- Møt opp seinast 30 minutt før eksamen startar.
- Hjelpemiddel blir kontrollerte.
- Det er berre lov å ha lovlege hjelpemiddel, skrivesaker, mat og drikke på plassen under eksamen.
- Mobiltelefonar, klokke og annan kommuniserbar elektronikk er ikkje tillaten brukt under eksamen. Desse skal du slå av og leggje på tilvist plass i lokalet saman med vesker, sekker, bagar og ytterplagg.
- Du bør du logge deg på eksamenssystemet så snart som mogleg etter å ha lagt bort alt som er forbode å ha på plassen.
- 15 minutt før eksamen startar, vil du få oppgitt eit passord for å logge deg på eksamen.
- Oppgåveteksten blir opna opp ved eksamensstart.
- Kandidatnummeret ditt blir automatisk registrert i eksamensinnleveringa.
- Oms internettilkoplinga fell ut under eksamen, får du varsel om det. Ta kontakt med eksamensvakta om internett er borte i meir enn 2 minutt.
- Om du ønskjer levere før eksamenstiden er ute, må du rekkje opp handa. Eksamensvakta skriv inn passordet som trengst for å levere.
- For å levere: trykk «Gå til innlevering» øvst til høgre.
- Har du problem må du ta kontakt med ei eksamensvakt så fort som mogleg.
- Når du er ferdig leverer du oppgåva og loggar deg heilt ut før du forlèt eksamenslokalet.
- Oppgåva blir automatisk levert når eksamenstida er ferdig.
- Etter vellykka innlevering får du en bekreftelse på skjermen. Lukk deretter Lockdown-browser.
- Etter gjennomført eksamen finner du din eksamensbesvarelse i WISEflow under Deltakerarkiv.
Munnleg eksamen og praktisk/munnleg eksamen
For gjennomføring av munnleg eksamen må du sjå i emnerommet på Canvas for nærare informasjon om gjennomføring og hjelpemiddel.
Tek du bachelor eller master finn du oppmøtestad og oppmøtetidspunkt i Studentweb.
Nokre eksamenar har førebuingstid før du skal inn. Då vil tidspunktet du skal møte til førebuingane vere oppført som oppmøtetidspunkt.
Møt opp seinast 5 minutt før oppmøtetidspunktet.
Munnleg høyring av masteroppgåve
Etter du har levert inn masteroppgåva skal du gjennomføre ei munnleg høyring av masteroppgåva di. Munnleg høyring av masteroppgåva vil vere open for publikum og varer i inntil 60 minutt for oppgåver skrive av ein student, og opptil 90 minutt for oppgåver skrive av to studentar.
Les meir på Studentportalen (krev innlogging)