Kva må du passe på i forkant av heimeeksamen?
- Gjer deg kjend med systemet før eksamensdagen ved å logge deg på WISEflow, og ta demoeksamen «FLOWassign» som viser korleis du lastar opp PDF-filer.
- internett må vere i orden
- at du kan levere fil i rett format (til dømes PDF, lyd/videofiler, mp4)
- datamaskina må vere oppdatert
- sjekk kva hjelpemiddel som er tillatne
- sjekk om det er lov å samarbeide - å diskutere oppgåva med andre ved individuell heimeeksamen kan vere fusk
Korleis eksamenen din blir gjennomført finn du informasjon om i emnet på Canvas, eller i emneplanen. Det vil også stå på Studentweb.
Innlevering i Canvas og WISEflow
| Canvas | WISEflow |
Ved innlevering av oppgåve i WISEflow må du lagre dokumentet lokalt på datamaskina di og ikkje i sky. Opplastinga vil feile om du lagrar i sky.
Hugs å fjerne personleg informasjon frå innleveringa.
Bruk gjerne emnenamn og kandidatnummer som filnamn.
Hugs å berekne god tid til å laste opp oppgåva.
For å levere må du aktivt trykkje på den grøne knappen "Trykk her for å levere".
Det er mogleg å gjere endringar innafor fristen. Trykk "Trekk innlevering tilbake", slett den gamle, last opp ny, og trykk "Trykk her for å levere".
Etter du har levert inn, sjå over om alt stemmer og om du har levert rett svar/fil (du kan laste han ned og opne han for å sjekke).
Etter at eksamenstida er ute låses eksamen. Det ikkje mogeleg å laste opp noko meir.
Munnleg på Zoom
Om du har munnleg eksamen på Zoom så må du passe på at du har installert programmet i forkant og logga inn på rett måte. Pass også på at du veit korleis Zoom fungerer og at du følgjer instruksjonane i emnet for korleis du loggar deg på og når du skal vere på plass.
Du må ha:
- ID
- Lyd og bilete
- Ladar
Eventuelle tillatne notat og hjelpemiddel
Kontakt
Kontakt IT om du opplev problem med opplastinga: 23 19 99 99.
For øvrige spørsmål kontakt Studieadministrasjon: 23 19 99 00 (tastevalg 2)