Det liberale demokratiet gir vide rammer for kritiske ytringar – også dei usaklege og smaklause. Samtidig er demokratiet avhengig av at folkevalde kan utøve mandatet sitt og delta i offentlegheita utan frykt for vald og truslar. Forsking og kartlegging dei seinare åra viser likevel at mange politikarar opplever både hets og alvorlege truslar, noko som kan få konsekvensar både for dei politiske arbeida og privatliva deira.
Les rapporten i Norsk vitenarkiv (NVA)
Rapporten som blir lagd fram, vil presentere oppdaterte funn frå ei omfattande spørjeundersøking gjennomført i 2025 blant rikspolitikarar, inkludert medlemmer av regjering, Storting og sentralstyra i partia. Undersøkinga inngår i ein tidsserie som gir eit unikt grunnlag for å analysere utvikling i trusselbiletet over tid, og dessutan forskjellar mellom ulike grupper av politikarar.
Lanseringa vil presentere sentrale funn frå rapporten og leggje til rette for fagleg refleksjon rundt korleis politiet og PST kan arbeide kunnskapsbasert med førebygging, handtering og oppfølging av truslar mot politikarar.
Rapporten er utarbeidd av Tore Bjørgo, Gunnar Thomassen, Benedicte Nordahl Berntsen og Jon Strype.
Programmet byrjar presis kl. 09:30, registrering frå klokka 09:00. Legitimasjon må leggjast fram.
Spørsmål kan rettast til Forskningsadministrasjonen ossbra@phs.no
Arrangementet blir strøymt, og kan følgjast digitalt av alle som ikkje har høve til å komme fysisk.