Forskingstimen: Portvaktarar og profesjonelle tilretteleggjarar for kvitvasking

Kvitvasking handlar om å få «skitne» pengar til å stå fram som «rene» slik at kriminelle kan nytte dei i den lovlege økonomien utan å vekkje mistanke.

Bildet viser Økokrims logo på en glassvindu med to personer som kan skimtes i bakgrunnen,

Anne Marthe Bjønnes har mellom anna undersøkt konfidensielle data frå Økokrim i doktorgrada si. Foto: Politiet

For å gjere det vanskelegare å kvitvaske utbytte frå straffbare handlingar, er mellom anna bankar, eigedomsmeklarar og revisorar rapporteringspliktige etter kvitvaskingslova. Dei er pålagde å sende meldingar om mistenkjelege forhold som gjeld kundane deira til Økokrim. Men etterlever dei rapporteringsplikta etter hensikta?

Dette har Anne Marthe Bjønness utforska i doktoravhandlinga si. Bjønnes har analysert 1117 eigedomstransaksjonar og konfidensielle data frå Økokrim, utført eit eksperiment blant 334 anti-kvitvaskingsfagpersonar og analysert i kva grad tilsyn påverkar talet på og kvalitet på eigedomsmeklarars rapportering til Økokrim. Bjønnes fann mellom anna ut at mistenkjelege transaksjonar til ein samla verdi av NOK 433 millionar ikkje er rapporterte.

Funna demonstrerer rolla til rapporteringspliktige som både portvaktarar og profesjonelle tilretteleggjarar for kvitvasking.

Bjønness disputerte for doktorgrada ved NHH 14. april med avhandlinga «Regulated Entities: Gatekeepers and Professional Enablers of Money Laundering» og i forskingstimen får du høyre om forskingsfunnet hennar.

Tilsette ved PHS og i etaten blir inviterte til å delta fysisk. Påmelding til dette blir send ut i eigen invitasjon.

Media er også velkomne til det fysiske arrangementet. Hugs ID og å møte opp i god tid for sjekk av denne.

For andre interesserte er streamen open for alle.

Emneord: Hvitvasking, Økokrim, Profittmotivert kriminalitet
Publisert 20. apr. 2026 10:06 - Sist endra 30. juni 2026 09:57