Forskningstimen: Kroppskamera – politiblikk gjennom kameralinser

Kan kroppskamera bidra til å dempe konflikt? Blir det færre klager når kroppskamera fangar opp kva som har skjedd? Og ikkje minst: Har folk meir tillit til politi som har kroppskamera med seg på jobb?

Bildet kan inneholde: uniform, politibetjent, sikkerhet, rettshåndhevelse, offisiell.

Desse spørsmåla, og mange fleire, har vorte belyste i eit forskingsfelt som har auka i takt med utbreiinga av kroppskamera.

Førsteamanuensis Jon Strype, seksjonsleiar for seksjon for førebygging og etterretning Joshua Phelps og spesialbibliotekar Kjersti Dahlskås Urnes har oppsummert forskinga, og sett på kva ho kan lære oss i norsk samanheng. I forskingstimen 4. februar presenterer dei hovudtrekka i resultata som har komme fram når det gjeld konfliktdemping, klager og tillit.

Prosjektet er gjennomført på oppdrag frå Politidirektoratet.

Tilsette ved PHS og i etaten blir inviterte til å delta fysisk. Påmelding til dette blir send ut i eigen invitasjon.

Media er også velkomne til det fysiske arrangementet. Hugs ID og å møte opp i god tid for sjekk av denne.

For andre interesserte er streamen open for alle.

Publisert 14. jan. 2026 11:08 - Sist endra 30. juni 2026 09:55