Korleis liknar politistudentane på den generelle befolkninga, og andre studentar innan høgare utdanning? Korleis blir studentrekrutteringa påverka av konkurransemekanismane inne høgare utdanning? Og har det noko å seie kven politistudenten er?
Desse spørsmåla forskar professor Sverre Flaatten og førstemanuensis Pål Winnæss på i prosjektet Recruitment, Education and Careers in the Police Recruitment, Education and Careers in the Police - The Norwegian Police University College.
Basert på surveydata frå prosjektet og registerdata vil dei i denne forskingstimen gi eit bilete av dagens politistudent, og nokre av dei dilemmaa rekrutteringa står i.
Tilsette ved PHS og i etaten blir inviterte til å delta fysisk. Påmelding til dette blir send ut i eigen invitasjon.
Media er også velkomne til det fysiske arrangementet. Hugs ID og å møte opp i god tid for sjekk av denne.
For andre interesserte er streamen open for alle.