Sidan 2019 har Utrykningsenheten (UEH) i Oslo vore organisert som eiga eining – «Echo». UEH i Oslo er som i resten av landet svært mannsdominert, med ein del kvinner på 13 %. I etableringa av «Echo» var det ei tydeleg bekymring frå øvste leiing i OPD at det skulle utvikle seg negativ kultur på «Echo». Bekymringa har vore knytt til ulike former for slike negative kulturar. Éi bekymring har vore at det som ville bli ei svært mannsdominert eining skulle pregast av maskulinitetskulturar som ville vere ekskluderande for kvinner. Ei anna bekymring var knytt til at det ville bli eit A- og B-politi mellom IP3 og IP4*, og ei siste bekymring handla om ei uro for at «Echo» ville utvikle seg til eit «Mini-Delta» med fokus på å trene på sjeldne, men alvorlege hendingar som terror og alvorleg organisert kriminalitet, i staden for å vere ute på patrulje og delta i å dekkje behovet i byen.
Professor Nina Jon har forska på UEH sidan 2022 og har gjennom observasjon og intervju fått innblikk i arbeidskvardagen deira. I forskingstimen 4. mars vil ho dele funna sine om kva som kjenneteiknar kulturen hos «Echo» i OPD.
* IP står for innsatspersonell, og tala indikerer kategori. Du kan lese om kategoriane her.
Tilsette ved PHS og i etaten blir inviterte til å delta fysisk. Påmelding til dette blir send ut i eigen invitasjon.
Media er også velkomne til det fysiske arrangementet. Hugs ID og å møte opp i god tid for sjekk av denne.
For andre interesserte er streamen open for alle.