Stavern

Politihøgskolen i Stavern held til på Fredriksvern verft midt i Stavern, ca. 7 km sør for Larvik. Her tilbyr vi Bachelor – politiutdanning og fleire etter- og vidareutdanningar.

Fasilitetane våre

I utdanninga nyttar vi fasilitetane ved Fredriksvern verft. Her finn du øvingshus og eiga øvingsgate, skytebane, idrettsbygg med gymsal og styrkerom, kantine, auditorium, klasserom, grupperom og lesesal. 

I tillegg disponerer vi skytebane og fleire øvingsfasilitetar i nærområdet.

Utrykkingspolitiet (UP) og Vestfold Sivilforsvarsdistrikt held også til på verftet. 

I Stavern har vi i tillegg eit moderne kurs- og øvingssenter for justissektoren, med politiet og direktorata som dei største brukarane.

Les meir om kurs- og øvingssenteret til justissektoren og kva vi tilbyr her

Adresse

Helgeroveien 9 (se kart)
3290 Stavern

Opningstider