Styringskvalitet

Styringskvalitet omfattar ordningar for å styre og utvikle kvalitetsarbeidet, og for å utvikle ein kvalitetskultur.

Kvalitetsindikatorar:

Institusjonsnivå

Vurdering av i kva grad Politihøgskolen har eit tilfredsstillande systematisk kvalitetsarbeid:

  • UH-lova § 1-6 Kvalitetssikring
  • UH-lova 4-3 Læringsmiljø
  • Studiekvalitetsforskrifta § 2-1 Periodisk evaluering
  • Studietilsynsforskrifta kapittel 4 Systematisk kvalitetsarbeid

Programnivå

Vurdering av det systematiske kvalitetsarbeidet i studietilboda:

  • oppdaterte retningsliner/rutinar/malar for kvalitetssikring av studietilbod
  • plan for periodiske evalueringar
  • gjennomføring av systematisk kvalitetsarbeid i tråd med vedtekne retningsliner og planar

Vurdering av tilrettelegging for studentinvolvering i utvikling/revisjon av studietilboda.

Emnenivå

Vurdering av det systematiske kvalitetsarbeidet i emne:

  • oppdaterte retningsliner/rutinar/malar for kvalitetssikring av emne
  • gjennomføring av systematisk kvalitetsarbeid i tråd med vedtekne retningsliner og planar


Kunnskapsgrunnlag:

  • beskriving av det systematiske kvalitetsarbeidet til Politihøgskolen
  • rapportar frå råd og utval
  • kvalitets- og evalueringsrapportar
  • resultat frå periodiske evalueringar
  • retningsliner/rutinar/malar for kvalitetssikring av emne og studietilbod
  • forskrift for studium og eksamen ved Politihøgskolen