Nasjonale evalueringar

Vi nyttar fleire nasjonale evalueringar i det totale kunnskapsgrunnlaget vårt.

Studiebarometeret | NOKUT

Målet med Studiebarometeret er å styrke arbeidet med kvalitetsutvikling i høgare utdanning og gi nyttig informasjon om studiekvalitet. Undersøkinga blir kvart år send ut til 2. års bachelorstudentar og 2. års masterstudentar for å kartleggje korleis studentane oppfattar kvaliteten på studieprogramma sine.
www.studiebarometeret.no

Undervisarundersøkinga | NOKUT

Undersøkinga er eit supplement til Studiebarometeret. Målet er å innhente informasjon om korleis undervisarane oppfattar utdanningskvaliteten, og såleis styrke kunnskapsgrunnlaget om kva som skaper kvalitet i utdanning. Undersøkinga omfattar som regel kandidatgrupper med høgare eksamen.
www.studiebarometeret.no/underviser

SHoT – Studentenes helse- og trivselsundersøkelse | FHI

Undersøkinga kartlegg føresetnadene og rammevilkåra for læringa til studentane. Målet er først og fremst å belyse psykososiale forhold og korleis desse påverkar studiesituasjonen og kvardagen generelt. Undersøkinga blir send ut kvart 4. år.
www.studenthelse.no