Praksisbasert tilnærming til politileiing

Cathrine Filstad og Tom Karp har skrevet artikkelen "Police leadership as a professional practice" som har blitt publisert i tidsskriftet Policing and Society. Artikkelen undersøker om praksisbasert tilnærming kan auke kunnskap om politileiing.

FORSKING: Ulike kvalitative metoder ble brukt for å undersøke leiarstilane i politiet.

Eit alternativ

Den praksisbaserte tilnærminga viser eit alternativ til normative styringsmodellar som tidlegare har dominert faglitteratur om politileiing. I den normative tilnærminga fokuserer politileiarar på korleis dei må lede, i tillegg til den spesifikke leiaren sine eigenskapar og ferdigheiter. Forskjellen med praksisbasert tilnærming er at fokuset ligger på kva leiarane gjer og kvifor. Med dette kan ein sjå kva som utgjer deira profesjonelle praksis.

For å undersøke leiarstilane utførte Filstad og Karp undersøkande studiar med norske politileiarar i 2016 og 2018. Data blei samla inn ved bruk av ulike kvalitative metodar, som dagsskygging, feltarbeid, intervju og både formelle og uformelle samtalar med både politileiarar og underordna mannskap.

Dynamikkar

Som resultat av denne undersøkinga blei fire viktige praksisdynamikkar identifisert: Produksjon, relasjonsbygging, tolking og forhandling. Denne dynamikken handlar om forholdet mellom leder(e) og tilsette, og er ofte prega av mentaliteten, «Ta vare på kvarandre» og «oss mot dei» innanfor leiarpraksisen. Tolking og undersøkelse av «verkelegheita» viser at praktisk politiarbeid er en kollektiv produsert prestasjon.

Les heile artikkelen i PIA

Bli betre kjend med Cathrine Filstad