Endringsvilje blant polititilsette

Trond Myklebust er medforfattar på den nypubliserte artikkelen «An Empirical evaluation of the relationship between human relations climate and readiness for change» som fokuserer på endringsvilje blant polititilsette. Artikkelen er publisert i tidsskriftet Scandinavian Journal of Work and Organizational Psychology.

MEDFORFATTER: Trond Myklebust, Politihøgskolen

Organisasjonsendringar

Endringsvilje er ein viktig faktor for organisasjonsendringsprosessar. Men korleis kan arbeidsmiljøet i ein organisasjon påverke vilje til endring? Fleire politiorganisasjonar har dei siste åra gjennomgått reformer og endringar for å forbetre kvaliteten i arbeidet og i politioperasjonar, men også for å spare kostnadar. Forholdet mellom arbeidsmiljø og endringsvilje er komplekst. Internasjonale studiar har foreslått at organisasjonar burde førebu sine tilsette på endringar og fokusere på å heve endringsvilja, då dette ofte gir eit betre resultat for organisasjonen. Bakgrunnen for denne studien var å undersøke forholdet mellom arbeidsmiljø og tilsette si vilje til endring og kor førebudd dei er til det, meir spesifikt å undersøke dei tilsette si oppleving av organisasjonsstøtte.

Funn

Det blei utsendt ein spørjeundersøking til tilsette i det norske politiet som skulle undersøke arbeidsmiljøet rett før nærpolitireformen. Funna frå undersøkinga viser at dei tilsette si haldning/vilje til endring er mediert gjennom støtte frå organisasjonen. I organisasjonsforsking, referer organisasjonsstøtte til kva grad individet meiner at deira organisasjon verdset bidrag og bryr seg om sine tilsette si velferd. Frå eit anvendt perspektiv er handlingar som fostrer arbeidsmiljøets menneskelege relasjonar anbefalt då dette styrker den oppfatta organisasjonsstøtta. Dette vil fremje endringsvilje hos dei tilsette som igjen fører til ei meir vellukka organisasjonsendring.

Les artikkelen i PIA

Les meir om Trond Myklebust