Bli med på å utdanne politi for framtida

Hos oss får du jobbe i eit miljø der politi og høgskulesektoren møtast. Vi er opptekne av at du skal kunne utvikle deg og trivast i jobben.

Tilsette med ulik kompetanse

Du får kollegaer som underviser og har bakgrunn som mellom anna politi, juristar, kriminologar og psykologar. I gangane møter du også forskarar og tilsette som jobbar i til dømes administrasjonen, kantina, resepsjonen eller på bilverkstaden. Vi ønskjer at dei tilsette skal spegle mangfaldet i samfunnet.

Du må ha plettfri vandel

Dersom du vil jobbe hos oss, må du ha plettfri vandel og levere politiattest når du skriv under på kontrakten.

Sjå politiet.no om korleis du søkjer om politiattest

For deg som skal søke