Holder norsk politi mål?

Studieleiar Geir Aas, førsteamanuensis Gunnar Thomassen og seniorrådgivar Annette Sund ved Politihøgskolen i Oslo har skrive artikkelen "Holder Norsk politiutdanning mål (slik politiet selv vurderer den)?" i "Nordisk tidsskrift for kriminalvidenskab".

FORFATTARANE: Gunnar Thomassen, Geir Aas og Annette Sund.

Oppfatningane av politiutdanninga

Forfattarane tar utgangspunkt i «Kvalitetsundersøkelsen 2015». Artikkelen har som mål å undersøke om det er mogleg å studere oppfatningane av politiutdanninga over tid og om det er noko kontinuitet mellom desse undersøkingane.

Kor godt fungerer nyutdanna i polititenesta?

«Kvalitetsundersøkelsen 2015» er basert på ein spørjeundersøking som blir sendt til nyutdanna ved politiutdanninga og deira leiarar, der dei blir spurt kor godt dei føle at dei fungerer i polititenesta. Hensikta er å undersøke om nyutdanna politi opplev at måla for utdanninga er nådd, og korleis deira næraste leiarar vurderer dei same forholda. Det har blitt gjort fire slike kvalitetsundersøkingar som har innhenta data om forskjellege aspektar om politiutdanninga og korleis den kan forberede studentar til politiyrket og om utdanninga tilfredstillar samfunnet krav til politiet.

Aukande målingar

Artikkelen konkluderer med at dei fleste talla viser auking i målingane, både frå dei nyutdanna og deira leiarar. Vidare har leiarane eit betre inntrykk av det nivået dei nyutdanna ligg på, innan dei fleste område. Artikkelforfattarane trekker også fram at det finst avgrensingar ved denne kvalitetsundersøkinga, som til dels kva bruk ein kan ha av den innsamla dataen og korleis Politihøgskolen skal nytte den. Ei anna avgrensing er at det er politiutøvarar si eigne vurderingar av utdanning og kompetanse.

Les heile artikkelen i PIA