Søker forskarar til partnarvald-prosjekt

Fem nye forskarstillingar i storsatsing for å avverge partnarvald. – Det er aldri forska på avverjeplikt i forhold til partnarvald i Europa tidlegare, og internasjonalt har det aldri blitt sett i gang eit så stort forskingsprosjekt på liknande tematikk, fortel professor Kjartan Leer-Salvesen, prosjektleiar for prosjektet. Frå Politihøgskulen si side er professor Morten Holmboe med.

Meir enn 230 personar har vorte drept av sin partner i Noreg sidan 1990.

Meir enn 230 personar har vorte drept av sin partner i Noreg sidan 1990. Fleirtalet av desse tilfella har drapsoffer eller gjerningsperson vore i kontakt med hjelpeapparatet før drapet skjedde, og mange av gjerningspersonane har valdsdommar frå før.

– Etter at Partnerdrapsutvalet la fram sin utgreiing, NOU 2020: 17 Varslede drap? i desember fekk vi ei lang rekkje framlegg frå Regjeringa om korleis vi kan hindre desse tragediene. Vår jobb blir å forske på avverjeplikta som er eit viktig sikkerheitsnett i alvorlege saker.

Både offer og utøvar

Satsinga ved høgskulane i Volda, Molde, Politihøgskulen og Oslo universitetssykehus (SIFER) skal forske på både profesjonsutøvarar, valdsutøvarar og valdsoffer sine handlingar til og erfaringar med avverjeplikta i møte med partnarvald.

Totalt har prosjektet ei totalramme på 41,8 millionar kroner. 12 av desse millionane får ein frå Noregs Forskingsråd, resten av midlane vert dekt av dei ulike prosjektdeltakarane.

– Vi skal studere tilsette i barnevernet, politiet, krisesenter, legar, sjukepleiarar og psykologar, og også sjå på kva desse tenker om sitt ansvar og andre aktørar sitt ansvar for å avverje partnarvald, forklarar Leer-Salvesen.

Fem nye stillingar

Vi bygg opp fagmiljøet med fem nye stillingar knytt til denne satsinga. Ved Høgskolen i Molde og ved Høgskulen i Volda lyser ein ut to stipendiatstillingar kvar, i tillegg til ei stipendiatstilling ved Politihøgskolen.

Dei fem nye stillingane vert ein del av ei tverrfagleg forskargruppe saman med to professorstipendiatar og ei gruppe erfarne nasjonale og internasjonale forskarar.

Stipendiatstilling ved Politihøgskolen 

https://85340.webcruiter.no/Main2/Recruit/Public/4358431773?language=nb&link_source_id=0

Stipendiatstillingar ved Høgskulen i Volda:

https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/201991/stipendiatstillinger-ved-forskningsprosjektet-avvergeplikt-i-moete-med-partnervold

Stipendiatstillingar ved Høyskolen i Molde:

https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/202156/stipendiatstillinger-i-helse-og-sosialfag-ved-forskningsprosjektet-avvergeplikt-i-moete-med-partnervold

Prosjektleiar for forskingsprosjektet «Avvergeplikt i møte med partnervold» er professor Kjartan Leer-Salvesen: tlf. 41 65 98 05 leersalv@hivolda.no. Medprosjektleder er professor Solveig K. B. Vatnar: tlf. 47240094 uxvaso@ous-hf.no

Bli betre kjend med Morten Holmboe