Informasjonskapslar

Ein informasjonskapsel (cookie) er ei lita tekstfil som blir lasta ned og lagra på datamaskina når brukaren opnar ei nettside. Ved å nytte politihogskolen.no samtykker du til at vi kan lagre informasjonskapslar i nettlesaren din. Dei fleste nettsider i dag nyttar informasjonskapslar for å betre brukaropplevinga.

Google Analytics og Google Tag Manager

Google Analytics analyserer bruken av politihogskolen.no og blir nytta for å betre nettstaden. Google Analytics gir informasjon om kva sider som er mest besøkte, kor lenge brukaren er på sidene, frå kva plattformer nettsida blir besøkt, og så vidare.

Google Analytics vil i den generelle geografiske rapporteringa som standard bruke heile IP-adressa til dei besøkande på nettstaden. Då IP-maskering er aktivert på politihogskolen.no, vil den geografiske rapporteringa vere litt mindre nøyaktig.

Dersom du ikkje ønsker at Google Analytics skal lagre informasjonen din, kan du installere «Google Analytics Opt-out». Dette er ein tilleggsfunksjon for nettlesaren din som vil hindre slik lagring.

Installer Google Analytics Opt-out her

Google Tag Manager er eit analyseprogram som handterer taggar og script som t.d. Google Analytics. Informasjonen som blir lagra, kan ikkje sporast tilbake til deg.

Episerver Find

Episerver Find er søkjemotoren som blir brukt på politihogskolen.no.

Du kan reservere deg mot å bli spora i Episerver Find ved å slå på «Do Not Track»-funksjonen i nettlesaren din.

Slik slettar du informasjonskapslar i ulike nettlesarar:


Måten du slettar informasjonskapslar på, varierer alt etter om du nyttar mobil, nettbrett eller datamaskin.