Forholdet mellom politi og etnisk minoritetsungdom

Randi Helene Kittang Solhjell med fleire har skreve artikkelen "Suspected or protected? Perceptions of procedural justice in ethnic minority youth's descriptions of police relations" som har blitt publisert i tidsskriftet Policing and Society.

MEDFORFATTER: Randi Solhjell

Forsking har trukke fram skadeverknadane av målretta politipraksis og den påfølgjande låge tillita til politiet blant etniske minoritetar. I denne artikkelen blir det daglege forholdet mellom politiet og etnisk minoritetsungdom trukke fram og det blir undersøkt om desse har prosessuell rettferdighet.

Mistenkeleggjering og vern

I artikkelen så ser dei nærmare på noko som er omtalt mykje i amerikansk og britisk litteratur, nemleg at etniske minoritetar og unge menn opplever både å bli hyppig kontrollert og mistenkeliggjort (supsected) og underverna (unprotected) av politiet. I denne studien, der dei intervjua 121 nordiske unge etniske minoriteter (16-26) særleg gutar, men også jenter, fant dei ut at i Norden omtalar dei dette som ofte mistenkeliggjort (suspected), men samtidig også verna (protected). Med andre ord at det var både negative opplevingar med hyppige kontroller, men også at dei følte seg beskytta og hadde tillit til politiet når dei trengte det. 

Bli bedre kjent med Randi Solhjell

Ta kontakt med biblioteket om du vil lese artikkelen.