Styrkar satsinga på heilskapleg grenseforvaltning

Personar med ukjent identitet som reiser inn og oppheld seg i Noreg, er ei stor utfordring for norsk politi. Det same er grensekryssande kriminalitet. No styrkast utdanningstilbodet.

OMFATTANDE INNSATS: Det er eit omfattande fagfelt som no styrkast. Det er stor aktivitet på grensene, som krev ytterlegare kunnskap og kompetanse. Foto: Kåre M. Hansen

Av Silje Pileberg

– Nokon opplæringstiltak hastar meir enn andre. Vi må for eksempel raskt bidra til at det utviklast kurs for at polititilsette skal kunne nytte nye og oppgraderte IT-verktøy på best mogleg måte. Dei må også bli kjende med nye arbeidsmetodar, seier høgskolelektor Ann Kristin Markussen.

Ho har lenge vore Politihøgskolens einaste ressurs på feltet heilskapleg grenseforvaltning. Frå hausten 2022 er det eit team på fem som skal stake ut kursen for utdanningstilbodet. Ytterlegare to tilsette kjem våren 2023.

Markussen påpeikar at det i Noreg er politiet som har fått ansvar for å kontrollere og overvake grensene. Dette fordrar kunnskap og kompetanse, meiner ho.

– Ansvaret er primært lagt til politiets seksjonar for utlendingsforvalting. I praksis utøvast likevel grensekontrollen og særleg territorialkontrollen ofte av vanlege politipatruljar. Alle tilsette i politiet må dessutan ha kunnskap om kva Schengen-regelverket betyr for politiets oppgåver.

PLANLEGG UTDANNING: – Fagfeltet heilskapleg grenseforvaltning er langt frå nytt, men forventningane er skjerpa, seier Ann Kristin Markussen. Ho er ein av fem tilsette ved høgskolen som jobbar med å styrke utdanningstilbodet på feltet. Foto: Bent-Håkon Hillestad

Skjerpa EU-krav

Både Politihøgskolen og norsk politi har fleire gonger fått kritikk for at dei ikkje har følgt opp internasjonale forpliktingar på feltet i EU- og Schengen-samarbeidet.

Dei siste åra har EU-regelverket utvikla seg mykje, noko som betyr nye krav også til norsk politi (sjå faktaboks). Det har blitt etablert ei storsatsing under Politidirektoratet, Program EU informasjonssystemer, for å sikre den nasjonale implementeringa. Politihøgskolens satsing er del av dette.

– Utfordringa er at mange tilsette i politidistrikta heilt eller delvis manglar grunnkompetanse på fagfeltet. Dette må på plass før vi kan implementere nye system og arbeidsmetodar som krev ytterlegare opplæring, seier Markussen.

Ho viser til for eksempel utlendingskontrollar i samband med ordensoppdrag og etterforsking. Her trengst det mellom anna meir opplæring i systemet ELYS, der tilsette ved politidistrikta, grenseovergangane og flyplassane kan kople seg til databasar i Schengen og Interpol for å søkje etter etterlyste eller sakna personar.

Verne om godar og avdekke misbruk

Markussen påpeikar at nesten alle tilsette i politidistrikta er i kontakt med menneske som er i rørsle over landegrensene.

– Dette gjeld spesielt i samband med ID-kontroll og registersøk, som for eksempel gjerast i samband med trafikkontroll, ordensoppdrag og etterforsking, seier ho.

Ein heilskapleg grensekontroll omfattar langt meir enn kontroll av Schengen-landa sine yttergrenser, utdjupar ho.

– Tiltak må gjerast både før innreise, på grensa og etter innreise. Vi må både verne om godar og støtte dei som treng det. Samtidig må vi avdekke misbruk og følgje det opp på rett måte.

MANGE ARENAER: Reiser og kryssing av grenser skjer på mange ulike vis, og politiet må jobbe tett på alle arenaer. Foto: Pixabay    

Bindeledd mellom praksis og akademia

Det er førebels ikkje klart akkurat kva utdanningstilbodet til Politihøgskolen vil innehalde. Teamet er nyleg etablert og ansvaret skal fordelast – ikkje berre internt, men også mellom Politihøgskolen, politidistrikta og Politidirektoratet.

– Vi som jobbar med dette har erfaring frå dei relevante fagområda og vil vere godt rusta til å løyse høgskulens oppdrag. For oss er dette spennande: Vi har fått fleire stillingar og mange moglegheiter, seier Markussen.

Kjell Eirik Mortensen, avdelingsleiar for Etter- og videreutdanning, peikar på at det nye fagmiljøet også vil forske.

– Ved Politihøgskolen ønskjer vi å vere eit bindeledd mellom praksisfeltet og akademia. Den kontakten vi har med praksisfeltet vil bety mykje for forskinga vi gjer, og det vi gjer i forskinga, skal absolutt kome til nytte for dei som jobbar ute i distrikta, seier han.

Fakta