"The Making of a Police Officer"

Tore Bjørgo (professor II) og Marie-Louise Damen (Førsteamuensis) er redaktørar av den vitskapelege antologien "The making of a polce officer" som baserer seg på data fra RECPOL (Recruitment, Education and Careers in the Police: A European Longitudional Study).

FREMSIDE: Fleire tilsette frå Politihøgskolen har vore med å bidratt til dette prosjektet.

Undersøking av politistudentar

Boka er utgitt i Routledge-serien Frontiers of Criminal Justice og stiller spørsmål som: "Skaper ei meir akademisk politiutdanning politifolk som kvier seg for å patruljere gatene?" og "Kva verknad har kjønnsmangfald og politisk ståstad på ambisjonar og haldningar til politiarbeid?". Boka er resultatet av eit langvarig prosjekt der politistudentar i sju europeiske land har blitt følgt gjennom studieløpet. Det unike datamaterialet gjer det mogleg å utforske eit breidt spekter av emne som er relevante for den framtidige utviklinga av politiarbeid, politiutdanning, men også politivitskap heilt generelt.

Boka er delt opp i tre deler. Først blir vi kjend med dei ulike politiutdanningane, så blir vi introdusert for kva type student som tiltrekkast politiutdanninga og deira bakgrunn og ambisjonar. I den siste delen undersøkast studentane sine haldningar og orientering mot nye kompetanseområder, som igjen viser den sosiale effekten av utdanninga.

Resultata frå prosjektet viser at politistudentar er påfallande like på tvers av ulike type politiutdanningar. Det kjem også fram at den nasjonale konteksten spelar ei viktigare rolle enn type politiutdanning.

Fleire tilsette ved Politihøgskolen bidrege med innhald i denne antologien. Sjekk ut forskingsprofilane til redaktørane Tore Bjørgo og Marie-Louise Damen. I tillegg har høgskulelektor Pål Winnæss, førsteamuensis Jon Strype og førsteamuensis Gunnar Thomassen bidratt med kapittel i boka.

Her kan du setje deg på venteliste på boka