Reielegheitsutvalet

Lov om organisering av forskningsetisk arbeid av 1. mai 2017 pålegg alle forskingsinstitusjonar i Noreg å ha eit reielegheitsutval. Eit slikt utval har ei uavhengig og rådgivande rolle i saker som gjeld moglege brot på anerkjende forskingsetiske normer. Forsvarets høgskole (FHS) og Politihøgskolen (PHS) har gått saman og oppretta eit felles reielegheitsutval. Frå 1. november 2022 har også KRUS blitt ein del av utvalet.

Reielegheitsutvalet består av fem medlemmar med kompetanse innanfor forsking, forskingsetikk og juss. Leiaren for utvalet er ekstern.
Vi har saman utarbeidd felles mandat og retningsliner for utvalet.

Medlemmane som er oppnemnde til å delta i utvalet, er:

Leiar: Professor Francesca Refsum Jensenius, Universitetet i Oslo

Frå Politihøgskolen:
Professor Morten Holmboe
Professor Jens Erik Paulsen
Professor Linda Antoniett Hoel (vara)

Frå Forsvarets høgskole:
Doktorgradsstipendiat Ingeborg Bjur
Professor Tore Langholm
Hovudlærar Rino Bandlitz Johansen (vara)

Frå KRUS
Hilgunn Olsen
Maria Mæhlumshagen
Hilde Pape (vara)

Tilsette, studentar og eksterne personar kan varsle om moglege brot på anerkjende forskingsetiske normer som gjeld forskarar ved institusjonen. Vi arbeider med å setje opp ei elektronisk løysing for varsling. Fram til den elektroniske løysinga er klar, er det mogleg å melde inn saker ved å fylle ut meldeskjemaet for reielegheitsutvalet og sende det til mareri@phs.no